Bibelomsetjingar til 66 språk fullført i 2020
Bibelomsetjingar til 66 språk fullført i 2020
8 april 2021
Til saman 707 millionar menneske har dermed fått Bibelen omsett til sitt språk gjennom Dei sameina bibelselskaper i løpet av fjoråret.

BIBEL PÅ SITT SPRÅK: 707 millionar menneske fekk Bibelen omsett til sitt språk i 2020. To av dei er syskenparet Gidufana Gafufen (t.v.) og Udagayda Mudinangi i Tanzania som fekk bibelen på deira språk, Datooga. FOTO: Bibelselskapet

Av: Ingunn Marie Ruud, KPK

På trass av utfordringane knytt til COVID-19 fullførte bibelselskap over heile verda omsetjingar til heile 66 språk i 2020. Det skriv det norske Bibelselskapet i ei pressemelding, og viser til statistikken til Dei sameina bibelselskaper for 2020 som nyleg er offentleggjort.

46 av desse språka hadde ingen del av Bibelen omsett frå før. Seks språkgrupper tok imot heile Bibelen for første gang - fem i Afrika og den siste i USA, der døvesamfunnet kunne feira fullførelsen av den amerikanske teiknspråkbibelen.

Amerikansk teiknspråk (ASL) blir brukt av om lag 408 000 menneske og er det einaste av ca. 400 teiknspråk i verda som har heile Bibelen.

Det vart òg fullført omsetjingar av Det nye testamentet til 11 språk som blir brukte av fire millionar menneske.

Dei sameina bibelselskaper er eit fellesskap av om lag 150 bibelselskap som arbeider i 240 land og territorium. Saman er dei den største omsetjar, utgivar og distributør av Bibelen i verda.

Heile Bibelen på 700 språk

I august 2020 vart ein milepæl nådd då 700 språk for første gang hadde heile Bibelen. I byrjinga av 2021 er heile Bibelen tilgjengeleg på 704 språk som blir brukt av 5,7 milliardar menneske. Meir enn 70 prosent av desse omsetjingane er leverte av Dei sameina bibelselskaper.

Ytterlegare 825 millionar menneske har Det nye testamentet på språket sitt, og 450 millionar menneske har delar av Bibelen omsett.

Då Dei sameina bibelselskaper vart oppretta i 1946 var det færre enn 200 språk som hadde heile Bibelen, noko over 230 språk hadde Det nye testamentet, og 620 språk hadde ein eller fleire bibeldelar omsett. På 75 år har det totale talet språk med bibelomsetjingar meir enn tredobla seg.

– Når vi ser tilbake på arbeidet til bibelselskapa gjennom meir enn to hundre år, og arbeidet som er gjort gjennom Dei sameina bibelselskaper dei siste 75 åra, takkar vi Gud for at han har velsigna det felles oppdraget vårt med å gjera Bibelen tilgjengeleg for alle, seier generaldirektør Michael Perreau i Dei sameina bibelselskaper.

Framleis under halvparten

Trass i framgangen er utfordringane framleis store: Over halvparten av dei 7359 språka i verda har framleis ingen tekstar omsett i dag. Til saman 1,5 milliardar menneske manglar heile Bibelen på språket sitt.

– Kvar omsetjing som blir fullført gir fleire menneske tilgang til håp og fred i Guds ord, noko som er særleg viktig i ei tid med mykje global uro, seier Perreau og fortset:

– Likevel er det framleis meir enn ein milliard menneske som ikkje har Bibelen på sitt eige språk og derfor ikkje kan søka til Guds ord når dei møter vanskar og motgang. Det er derfor oppgåva med bibelomsetjing er så viktig.

1 200 bibelomsetjingar på 20 år

Bibelselskapa held oppe den ambisiøse visjonen sin om å fullføra 1200 bibelomsetjingar til 600 millionar menneske i løpet av 20 år. Dette meiner dei kan gjerast mogleg med eit tett samarbeid mellom dei ulike aktørane innan bibelomsetjing, framleis stønad frå givarane og utviklinga innan teknologi.

Tre år etter at denne visjonen vart formulert er 80 omsetjingar fullført, 312 omsetjingar er under arbeid, medan ytterlegare 808 enno ikkje er sett i gang. Om lag 30 millionar dollar trengst kvart år for å nå målsetjinga, og mindre enn halvparten av finansieringa er hittil på plass.  

– Å omsetja Bibelen føreset engasjement, idealisme og offervilje. Det er første steg mot at eit samfunn får tilgang til det livsendrande Guds ord, seier den administrerande direktøren til Dei sameina bibelselskaper for bibelomsetjing, Alexander M. Schweitzer.

– Bibelomsetjing forvandlar liv - det er derfor vi arbeider målretta for den ambisiøse visjonen vår, seier han.

Meir tilgjengeleg for døve og blinde

Bibelomsetjingar til 66 språk fullført i 2020

TEIKNSPRÅK: For første gang finnes heile bibelen på amerikansk teiknspråk (ASL). 16 andre teiknspråk fekk ein eller fleire bibeldelar omsett i fjor. Javzaa teikner her ordet 'frelse' på mongolsk teiknspråk. FOTO: Bibelselskapet

På toppen av dei 66 nye omsetjingane vart det i 2020 òg lansert nye eller reviderte omsetjingar på 21 språk som alt hadde eldre omsetjingar.

I fjoråret vart det òg utgitt studieutgåver av Bibelen på tre språk - kinesisk, haitisk kreolsk og thai.

I tillegg til lanseringen av heile Bibelen på ASL fekk òg 16 andre teiknspråk ein eller fleire bibeldelar omsett i fjor. Fem språk tok imot heile punktskriftbibelen, tre av dei for første gang. I tillegg vart ulike bibeldelar på punktskrift publisert på ytterlegare to språk. Totalt 48 språk har no heile Bibelen på punktskrift for blinde og synshemma. KPK

 

 

 

Les også

SENT samlet 800 baptister

800 baptister fra 82 land rundt om i verden deltok på misjonskonferansen SENT i Stavanger. Det var inspirerende morgensamlinger, tankevekkende temasamlinger og kveldssamlinger som utfordret til misjonstjeneste både i lokalsamfunnet og internasjonalt.
Les mer

Ett år med krig i Europa

På ettårsdagen for krigsutbruddet i Ukraina står vi fortsatt sammen med våre brødre og søstre i Ukraina og alle dem som bidrar for å hjelpe, trøste og stille savn. Kirker over hele landet markerer årsminnet i dag og denne helgen.
Les mer

Klart for nytt kapittel i livet

Trine og Ørnulf Mathisen flytter om få uker til Albir-Villajoysa i Spania for å arbeide som vertskap i Sjømannskirken. Baptistkirkene på Konnerud og i Drammen er sendemenigheter.
Les mer
1 - 3 av 142
...

© 2014 Baptist.no

Baptistkirken Norge  |   Chr. Krohgs gt 34, N-0186 Oslo, Norway
Tlf. (+47) 67103560  |   post@baptist.no
Gavekonto 3000.15.93672  |  VIPPS: 10910
Intranett 

Powered by Cornerstone