Tek til orde for nye pinseritual
Tek til orde for nye pinseritual
1 mai 2020
Korleis skal pinsa bli noko meir enn berre ei ekstra langhelg tidleg på sumaren? Pinsa er så fargerik at det er lett å løfte høgtida, meiner Jorunn Bergo Aarvik.
BÅL: Mellom dei gløymde ofte pinsetradisjonane er pinsebålet – eller pinstirøke, som det vert kalle i Midt-Noreg der tradisjonen framleis vert halden i hevd mange stader. Illustrasjonsfoto: Maël Balland, Pexels.
 
Skrevet av Stein Gudvangen

Nordmenn flest veit godt korleis dei skal feire påska og særleg jula, men pinsa heng meir i lause lufta. Få veit heilt kva som hende i Jerusalem på pinsedagen, og dei fleste har knappast nokre ritual for høgtida. Dette vil barne- og familiekonsulent Jorunn Bergo Aarvik i NLM Ung gjerne gjere noko med.

Ho sit i redaksjonen for nettstaden TilTro.no som er eit samarbeidsprosjekt mellom organisasjonane NLM Ung, Awana, Frikirkens Barn og Unge og Misjonskirken Ung. Der har ho mellom anna skrive nokre tips til familiar som vil skape barnevenlege tradisjonar for den litt gløymde kyrkjelege høgtida pinse.

– Lett å løfte pinsa

– Eg har ikkje oversikt over heile kyrkjebiletet, men eg tenkjer nok at vi har eit potensial til å gjere pinsa til gode festdagar og at vi ikkje har nytta oss av det, seier Bergo Aarvik til Kristelig Pressekontor.

Tek til orde for nye pinseritual TRENG TRADISJONAR: – Eg trur mange kjenner på trongen til tradisjonar og ritual også i pinsa. Dei gjer at du kjenner deg att frå gong til gong, seier barne- og familiekonsulent Jorunn Bergo Aarvik. Foto: NLM Ung.

Ho meiner problemet ikkje er at pinsa er for abstrakt.

– Tvert om har pinseforteljinga så mange fargerike detaljar og sterke sanseinntrykk som gjer det lett å løfte heile høgtida og pinsedagen. Utfordringa er vel helst at pinsa er så innhaldsrik at det kan vere vanskeleg å femne alle dimensjonane. Men tek vi tak i nokre av dei, kan det gjere pinsa til noko meir enn berre nokre ekstra fridagar i mai eller juni. Barn og vaksne har godt av å ta i bruk fleire sansar, og det kan vi gjere gjennom måten vi et på, korleis vi pyntar bordet og gjennom ting vi gjer saman, seier ho. 

– Treng ritual

Bergo Aarvik meiner pinsa er den oversette høgtida i kyrkjeåret.

– Men eg trur mange kjenner på trongen til tradisjonar og ritual også i pinsa, for rituala gjer at du kjenner at du høyrer til. Dei er noko du kan vere trygg på. Dei gjer at du kjenner deg att frå gong til gong, seier barne- og familiekonsulenten.

På TilTro.no kjem ho med ei rad praktiske framlegg om å forme pinsa slik ein sjølv vil. Mellom dei er matforslag, lystenning og ymse pyntetips.

– Vi kan godt lage eigne tradisjonar for familiane våre, det treng ikkje vere dei same som naboen har. Om vi er musikalske, kan vi bruke sang og musikk. Er vi friluftsmenneske, kan vi gå tur i naturen. Vi som steller med TilTro.no skal ikkje lage tvangstrøyer, men legge fram noko som gjer det lettare å lage nytt innhald kring det vi i alle høve gjer allereie. Desse heilt personlege tradisjonane ber dagane litt for oss, og det har ein stor verdi, trur Bergo Aarvik.

Pinstirøke

Historisk har pinsa vore mykje sterkare markert i Noreg i tidlegare tider.

– Eg er ikkje kyrkjehistorikar, og eg kjenner ikkje alle dei lange linene her, men vi har hatt tradisjonar i Noreg som er gått tapt. Eg er praktikaren som er ute etter både å blåse liv i det gamle og å skape nye tradisjonar som det er lett for familiar å lage. Eg vil motivere og inspirere til praktisk tru på heimebane, seier Jorunn Bergo Aarvik.

Mellom dei gløymde tradisjonane peikar ho på pinsebålet – eller pinstirøke, som dei kallar det i Midt-Noreg. Mange brenn bål på sankthansaften, men bålbrenninga ved pinsetider er ikkje så kjend og utbreidd. Likevel vert den gamle tradisjonen halden i hevd også i vår tid og er mest vanleg i Trøndelag, på Møre og i Nordland.

– Bålbrenning på pinseaften er ein vakker tradisjon. Ein må vise varsemd, men om det ikkje er mogeleg å tenne bål, kan ein kanskje i det minste tenne stearinlys på bordet. Dette kan minne oss om flammane på hovudet til disiplane, seier Bergo Aarvik som minner om at reglane for bål i friluft må fylgjast.

Utan særskilt løyve er det generelt forbod mot open eld i nærleiken av skog og anna utmark mellom 15. april og 15. september, men ikkje på innmark og gårdsplassar og i eigen hage.

– Og det vert opna for at det kan tennast bål i sumarhalvåret «der det åpenbart ikke kan medføre brann», siterer ho frå brannforskriftene.

Kyrkja sin fødselsdag

Fram mot pinse ser ein stundom folk bli intervjua på gata om kvifor vi feirer denne høgtida. Bergo Aarvik har vondt av dei som veit lite om kvifor dei har pinsefri. Sjølv kyrkjevande folk kan slite med å forklare bakgrunnen for høgtida.

– Vi må slutte å mase på folk på gata og heller spørje prestar og kyrkjelydsleiarer korleis vi skal leve ut pinsa. Det er ikkje feil med kjappe svar som at «Pinsa er kyrkja sin fødselsdag», men høgtida har så mange dimensjonar og så djupe røter, seier ho og viser til at dette var ein stor jødisk fest som samla mykje folk. Ho peiker på dei to elementa i den jødiske pinsa: Markeringa av at førstegrøden var i hus og at Gud ga Israel lovtavlene på Sinai-fjellet.

Starten på den kristne pinsa er attgjeven i Apostelgjerningane 2 som fortel at det på pinsedagen var «som når ein sterk vind blæs» gjennom rommet. Eldtunger sette seg på hovudet til kvar av læresveinane. Dei vart fylde av Den heilage ande og byrja å forkynne på framande språk. 3000 menneske let seg døype den dagen, og med det var den kristne kyrkja «fødd».

– Det er ei spanande kobling mellom det jødiske og det kristne her. Jødane feirer at førstegrøden er i hus, men også at dei fekk Ordet. Det er ein litt gripande detalj at jødane feirer at dei har fått Guds ord samstundes som Ordet på pinsedagen blir gjort tilgjengeleg for resten av verda. Det må ha gjort enormt inntrykk på læresveinane. Dei les tekstane om Sinai-fjellet, dei har ei våkenatt og dei opplever at det skjer noko fysisk rundt dei. Det bles ein vind, og ildtunger vert synlege. Derfor kan vi mellom anna bruke pinsa til å løfte fram Bibelen og vise gleda over at også vi har fått Guds ord. Vi kan bruke pinsa til å takke, seier Jorunn Bergo Aarvik. KPK

 

FAKTA

Pinse

  • Ordet Pinse kjem av det greske ordet «pentekoste» som tyder femtiande. Den kristne pinsehøgtida finn stad 50 dagar etter at Jesus sto opp frå dei daude på påskedagen.
  • På pinsedagen, ti dagar etter Kristi himmelfartsdag, synte Den heilage ande seg for apostlane i form av eldtunger over hovuda deira. Dagen vert av protestantiske kristne rekna som «kyrkja sin fødselsdag».
  • Pinsa var opphavleg ei jødisk høgtid, sjabuót, som vart feira på den femtiande dagen etter påske (pesach). Sjabuót er til minne om overleveringa av lovtavlene på Sinai-fjellet.

Kjelde: Wikipedia

Les også

Julehilsen fra generalsekretæren

Julen ringes snart inn og vi har gleden av å publisere generalsekretær Bjørn Bjørnøs julehilsen til alle landets baptister!
Les mer

Vil bygge om næringsbygg til kirkesenter

Menigheten Norway Chin Mission Church overtok 31. august en næringseiendom i Lier. Planen er å bygge om slik at menigheten får sin kirke der.
Les mer

Velkommen til julegudstjeneste

Andenes Baptistmenighet inviterer oss alle med på digital julegudstjenste den andre Kovid-julen.
Les mer
1 - 3 av 154
...

© 2014 Baptist.no

Baptistkirken Norge  |   Chr. Krohgs gt 34, N-0186 Oslo, Norway
Tlf. (+47) 67103560  |   post@baptist.no
Gavekonto 3000.15.93672  |  VIPPS: 10910
Intranett 

Powered by Cornerstone