Etterlengta bil på plass
Etterlengta bil på plass
15 mars 2012
Bilen som baptistar i Noreg har vert med å samla inn pengar til er nå på plass i Chiang Mai, Thailand.
Bilen som baptistar i Noreg har vert med å samla inn pengar til er nå på plass i Chiang Mai, Thailand. Av Øyvind Hadland Det har lenge vore ein draum for evangeliseringsteamet i TLBC å ha sin eigen bil av di plassane dei arbeidar ligg langt frå kvarandre. Det er òg ein del jordvegar. Difor har DNB i 2011 hatt ei innsamling for å hjelpa. Pengane blei overført på slutten av året og nå i februar fekk lahuane bilen. Bilen, ein Toyotya Vigo Pick-up, gjer det mogleg å fortsetta arbeide som familien Hadland har vore del av dei siste seks åra. Særleg viktig er det at dei regelmessige besøka til evangelistane og landsbyane fortsett. Jamleg oppmuntring og vegleiing har vore oppskrifta på framgang og vekst. - Dette er ein milepåle for oss i TLBC. Ein bil gjer det mogleg for oss å fortsetta samarbeidet om evangelisering med baptistane i Noreg. Som leiar for arbeide så manglar eg ord, eg kan berre seia ”prisskje Gud” og ”takk til trussøskena i Noreg og DNB”. Me skal nå ha ein ”innviingsfest” for bilen, for me trur han er ei gåve frå Gud som vil leggja til rette for eit verkingsfullt arbeid”, seier Norachai Jatae, evangeliseringskoordinator i TLBC, entusiastisk. Øyvind Hadland skal besøka Thailand og arbeide i mai, og får då moglegheit til å prøvekøyra den nye bilen.

Les også

Tungt å være prosjektleder i Kongo

Dårlig valutakurs skaper langsiktige problemer for barn i Bas Uele.
Les mer

Studietur til Tyrkia - avlyst

I samarbeid med EBMI inviterte vi studietur til Tyrkia for pastorer, menighetsledere og andre interesserte 8.-14. september. Denne turen er dessverre avlyst på grunn av usikkerheten rundt utviklingen av Korona-viruset.
Les mer

På evalueringsreise til Kongo

I skoleprosjektet, som går fra 2014 til 2018 var det tid for oppfølging og evaluering, for å sikre at en er på rett vei i forhold til målsettingene.
Les mer
1 - 3 av 127
...

© 2014 Baptist.no

Baptistkirken Norge  |   Chr. Krohgs gt 34, N-0186 Oslo, Norway
Tlf. (+47) 67103560  |   post@baptist.no
Gavekonto 3000.15.93672  |  VIPPS: 10910
Intranett 

Powered by Cornerstone