Generalsekretær Kitichai fra Lahu-kirken er spennende samtalepartner
Agnar Sæli og misjonskonsulent Øyvind Hadland er nå på plass i Thailand der dei skal bidra med undervisning på ei samling for 14 evangelistar, besøke kyrkjeplantingar og leggje planar for team besøk frå NBUF neste sommar. Av Øyvind Hadland Den fysste dagen var prega av jet-lag. Men etter ei god natt søvn i Chiang Mair reiste dei til byen Fang tysdag. Onsdag føremiddag underviste generalsekretær Kitichai Sopon-u-amnauy. Akkurat i skrivande stund undervisar Agnar Sæli om dåpen og det nye livet i Kristus. ”Om du døypar nokon, så ikkje stopp når dåpskandidaten er under vann” seiar Agnar til stor latter frå evangelistane og fortsetter ”du må reise dei opp igjen, dei må oppstå til eit nytt liv”. 14 evangelistar har kome saman. Det er fire nye evangelistar sia Øyvind var med sist, som var i fjor haust. Det er stor forskjell på omstendene til evangelistane. For eksempel Ca Ui som har vore i seks år i Sammahkeh, der har dei eit fellesskap på ikring 30 stykkar og eige kyrkjebygg. Så han er på veg ut av evangeliseringsteamet og inn i rolla som pastor i ei sjølvstendig kyrkje. På den andre sida er Da Vi som er heilt ny i gruppa og akkurat har starta arbeid i Keh Noi frå botnen av. Samlinga varar til fredag ettermiddag, etter det skal Agnar og Øyvind vidare og besøka fleire landsbyar fram til tysdag. Då skal Agnar heim.

Les også

Tungt å være prosjektleder i Kongo

Dårlig valutakurs skaper langsiktige problemer for barn i Bas Uele.
Les mer

Studietur til Tyrkia - avlyst

I samarbeid med EBMI inviterte vi studietur til Tyrkia for pastorer, menighetsledere og andre interesserte 8.-14. september. Denne turen er dessverre avlyst på grunn av usikkerheten rundt utviklingen av Korona-viruset.
Les mer

På evalueringsreise til Kongo

I skoleprosjektet, som går fra 2014 til 2018 var det tid for oppfølging og evaluering, for å sikre at en er på rett vei i forhold til målsettingene.
Les mer
1 - 3 av 143
...

© 2014 Baptist.no

Baptistkirken Norge  |   Chr. Krohgs gt 34, N-0186 Oslo, Norway
Tlf. (+47) 67103560  |   post@baptist.no
Gavekonto 3000.15.93672  |  VIPPS: 10910
Intranett 

Powered by Cornerstone