Tjue nyfrelste blei døpt i Thailand! Av Øyvind Hadland Evangelistkoordinator Norachai Jatae fortel at evangeliseringsarbeidet går for «full maskin». Rett før sommaren var eit evangeliseringsteam på besøk i landsbyen Japa. Dette er ein landsby med 600 innbyggjarar og ligg i Chiang Rai provinsen. Folka som bur her tilhøyrar undergruppa Kvit Lahu (kvit pga kleda dei brukar under tradisjonelle ritual), og er ei gruppe TLBC (Thailand Lahu Baptist Convention) ikkje har nådd ut til før. Under besøket tok 20 personar i mot Jesus som frelsar, dei er nå døypt og lagt til den nye menigheta som evangelist Benjamin er leiar for.